Bilder

» Vis alle     «Forrige «1 ... 795 796 797 798 799 800 801 802 803 ... 2367» Neste»     » Lysbildefremvisning

Laster...

Ingebrigt Andreas Paulsen Kjerstad og Ingeborg Marie Oline Ingebrigtsdatter Longva

Magne Kjerstad, 22.07.2023, Gamle og nye bilder på Lepsøya
Dette er Ingebrigt Paulson og Ingeborg Ingebrigtsdt. i Nedstegjerdet på Kjerstad med etterkomarane ein dag i byrjinga av forrige århundre. Bak dei frå venstre er sonane Sevrin, Johan og Jens og dotterene Josefine, Antoinetta og Maria.. Dei hadde ei dotter til, Anna Petrine, som vart gift i Klokkargarden. Ho døydde i 1897. Sonen hennar, Ingvald f. 1896, sit fremst på biletet. Det vart Sevrin som vart verande i garden. Johan hadde skøyte på garden frå 1901, men flytta seinare til Bergen der han var inspektør for fiskeribanken. Jens busette seg i Måløy der han fekk ein stor familie. Antoinetta og Maria gifta seg til Herøy og busette seg på Runde. Ingvald budde ei stund hos besteforeldra etter at mora døydde, men vaks opp hos tantene på Runde. Josefine, f. 1.1.1880, gifta seg i 1904 med Ibenhart Lund Silvik frå Meløy og flytta dit. Sevrin døydde i 1921. Etter at odelsguten, Ingolv Arthur døydde i 1930 berre 30 år gammal kom Ingeborg Silvik, dotter til Josefine til Nedstegjerdet for å hjelpe til. Ho vart i lag med Ingolf Kjerstad frå Guroolegarden. Dei gifta seg i 1931. Denne helga har etterkomarane til Josefine slektstemne på Prestegarden.


Dato23 juli 2023
FilnavnIngebrigt Andreas Paulsen Kjerstad og Ingeborg Marie Oline Ingebrigtsdatter Longva.jpg
Filstørrelse
Linket tilIngebrigt Andreas Paulsen Kjerstad

» Vis alle     «Forrige «1 ... 795 796 797 798 799 800 801 802 803 ... 2367» Neste»     » Lysbildefremvisning