Bilder

» Vis alle     «Forrige «1 ... 2191 2192 2193 2194 2195 2196 2197 2198 2199 ... 2367» Neste»     » Lysbildefremvisning

Laster...

Synnøve Larsdatter Haram og Peter Johansen Haram.

Magne Kjerstad, FB, Gamle og nye bilder fra Lepsøya 03.05.2020

Dette er Synnøve, tippoldemora mi i Guttormgarden. Ho vart fødd i Toregarden på Haram 11. september 1814. Ho gifta seg med Guttorm Nilsen Kjerstadstøl den 20. september 1846 og fekk fem born. Tippoldefar omkom ved Hellevikskjeret i lag med den nest eldste sonen 14. mars 1863. Etter det gifta Synnøve seg opp att med Peter Johansen Haram, fødd i 1833 i Arnegarden på Farstad. Det var ikkje born i det ekteskapet. Det er han ho er fotografert i lag med. Tippoldemor døydde i 1898, så biletet må vere teke ikkje lenge før det. Peter døydde to år etter. Eg veit ikkje meir om tippoldemor enn dette. Det vart fortalt at Peter var ein kraftig kar. Nevane kan vitne om det. Medan eg var gutungen hadde vi ein færing som vart kalla Leika. For meg var han ikkje noka leike, men Peter brukte å kvelve båten bak i støa og bere han på ryggen fram i naustet. Det er alt eg har høyrt om Peter.


DatoCa. 1895
FilnavnSynnøve Larsdatter Haram og Peter Johansen Haram.jpg
Filstørrelse
Linket tilPeter Thomas Johansen Haram; Synnøve Helene Larsdatter Haram

» Vis alle     «Forrige «1 ... 2191 2192 2193 2194 2195 2196 2197 2198 2199 ... 2367» Neste»     » Lysbildefremvisning