Omnen, Hellevik, Lepsøy, Haram



 

» Sted: Omnen, Hellevik, Lepsøy, Haram     «Forrige 1 2     » Lysbildefremvisning

Laster...

Omnen på Lepsøy

Her har det vore eit fiskevær med så mykje som 80 innbyggjarar i 1550 åra. Namnet Omnen er svært gammalt og tyder truleg ”lun hole” eller ”bustad”. Ein trur at Hamna kunne vore det opprinnelege namnet etter landingsplassen som vi no kallar Keila. Nedanfor der husa stod er det eit litt skjerma område som kallast Pampushamna. Det grunne området har kanskje fått namn etter dialektnamnet på tøflar- ”pampussar”. Dei første som busette seg her kom på slutten av 1400 talet. Det var ei god tid for kystfolket med mykje fisk og gode prisar. Etter skattelistene kan vi sjå at folketalet varierte etter skiftande tider. Det var ikkje alltid at folket her hadde alt dei trengde.

Dei hadde både kyr, geiter og sauer. Skatt for korndyrking betalte dei ikkje. Vi kan tydeleg sjå spor etter strevet med å skaffe for til husdyra. Steinane som ligg i røyser langs fjellfoten er hakka ut or dei bratte bakkane for å lage slåttemark. Murane som vi ser spor etter var sommarfjøsar. Det er blitt fortalt at der stod tre hus på berget ovanfor fjøsmurane. Eit fjerde hus stod lenger nede . Fiskeprisane nådde toppen i 1560 –åra. Sidan kom skottar og hollendarar med garn og liner og konkurrerte ut kystfolket på den utanlandske marknaden. I tillegg vart det krigsår med hardt skattepress. Vi kan også lese om at det stundom var uår både på sjø og land.

I tidsrommet 1760-64 vart Omnen avfolka. Eilert Sundt skreiv at det var steinras frå fjellet som tvinga folket til å flytte dei fire husa inn i Hellevika, der det vart lettare å dyrke jorda. Gardane som vart flytta var: Ivergarden, Olagarden, Jakobgarden og Eirikgarden.


Dato2014
FilnavnOmnen på Lepsøy.jpg
Filstørrelse
Linket tilOmnen, Hellevik, Lepsøy, Haram

» Sted: Omnen, Hellevik, Lepsøy, Haram     «Forrige 1 2     » Lysbildefremvisning